tirsdag 26. oktober 2010

Gisle Surssons saga

Gisle Surssons saga er ein typisk saga fordi den innehald dei fleste typiske saga trekkane. Det er ein svak safunnsautoritet, det er eit stort mannsideal med mykje styrke handlekraft og vald, det er også ein plikt til blodhemn og ære er noko som står høgt. Gisle lyttar mykje til sine draumar noko som tydar på at skjebnetro er eit verkemidel som blir mykje brukt. Kvinner og trellar er mindre sentrale og vi får lite innblikk i deira liv.
Ein saga helt skal væra ein stor og sterk mann, flink til å sloss og gjerne ein respekter mann i samfunnet han levar i. Gisle kvalifiserar seg til å vere ein sagehelt, nettopp fordi han er ein stor og sterk man som er flink til å sloss, men eg ser ikkje nokre trekk som gjer Gisle til ein moderne helt. Hans sverd og skjold vil nok ikkje ha ein sjanse mot nåtidas pistolar og liknande våpen .

Kvinnene i filmen får meg ikkje noko stort innblikk i, det er derfor veldig vanskelig og få ein ordentlig karakteristikk. Men eg skjønner utifrå filmens oppbygging at kvinnene ikkje hadde nokon stor status i samfunnet. Jobben deira var og laga mat og holde i stand huset dei budde i.

Min vurdering av filmen er at det er en veldig gammaldags film, og da blir det fort kjedeleg. Det er ein dårlig lyd kvalitet, og filminga blir litt hulter til bulter følar eg. Men i forhold til det filmen skal få frem, nemlig ein islandsk saga klarar den det.